Teddybjørnar med bodskap om yttringsfridom og menneskerettar landa i Kviterussland. Foto: Per Cromwell/Ap |
Kosedyra bar med seg ein bodskap om demokrati, og kritikk mot det sitjande regimet til Alexander Lukasjenko, også kalla «Europas siste diktator».
No har tre svenskar i byrået blitt kalla inn til avhøyr av det kviterussiske KGB, skriv aljazeera.com.
Dei har å møte innan ti dagar, elles risikerar dei fengsel.
Ulovleg innflyging
Innkallinga vart oversendt dei tre svenskane per e-post, men også posta på KGB si nettside.KGB skriv at dei etterforskar reklamebyrået sin ulovlege kryssing av den kviterussiske grensa.
Dei trugar svenskane med bøter og fengsel i opptil seks månader, om dei ikkje dukkar opp til avhøyr.
Føremålet med avhøyra er likevel ikkje å forfølgje svenskane rettsleg, hevdar KGB, men å finne ut kva rolle dei spelte i aksjonen, og korleis kviterussiske styresmakter skal hanskast med dei kviterussiske opposisjonelle som blir mistenkte for å ha hjulpe svenskane.
– Utpressing
Tomas Mazetti, som var med i småflyet under teddy-aksjonen, og er kalla inn saman med sine kollegaer Hannah Frey og Per Cromwell, seier e-postane ikkje gjev eit klart uttrykk for kvifor dei blir kalla til Minsk.– Brevet talar om «fornærma eller vitner som unnlet å møte opp», ikkje om «mistenkte», seier han.
Ut frå dette trur han at kviterussarane berre vil ha dei som vitner.
Mazetti seier at svenskane vil krevje garantiar frå KGB om at dei ikkje blir rettsleg forfølgde før dei set seg på eit fly til Minsk.
Han seier også at politiske ekspertar har advara han mot at Lukasjenko kjem til å bruke dei arresterte kviterussiske opposisjonelle som pressmiddel.
Journaliststudenten Anton Suryapin, vart arrestert etter at han la ut bilete av teddybjørnane på ei nettside. Han risikerar sju års fengsel.
To kvinnelege journalistar har fått bøter for å ha delteke i ein demonstrasjon til støtte for Suryapin.
– Det er rein utpressing, seier Mazetti.
(Saka held fram)
Dei
to journalistane Irina Kozlik og Yulia Darashkevich visar sigersteikn
då dei kjem til rettssalen i Minsk. Dei fekk bøter for å ha vore med i
ein demonstrasjon til støtte for Anton Suryapin. Foto: VIKTOR DRACHEV/Afp |
Diplomatisk konflikt
Lukasjenko har også skulda den svenske ambassaden for å vere delaktig i aksjonen, og dei diplomatiske banda mellom Sverige og Kviterussland er blitt kutta.Ein
kviterussisk demonstrant held ein teddybjørn og har på seg ein
t-skjorte som kritiserer mangelen på ytringsfridom utanfor ein rettssal i Minsk. Foto: VIKTOR DRACHEV/Afp |
Kviterussland vedtok også å stenge sin ambassade i Sverige, då svenskane nekta å godta den nye kviterussiske ambassadøren til Sverige.
Dette er berre ei dråpe i havet av usemje mellom Kviterussland og resten av Europa.
På fredag heldt EU eit krisemøte for å drøfte situasjonen og kom fram til at den diplomatiske krisa mellom landa skal takast til etterrretning når EU sine sanksjonar mot Kviterussland skal evaluerast.
Thomas Mazetti seier han er villig til å bistå kviterussisk KGB i deira etterforsking i teddybjørn-saka.
– Me har ingenting imot å hjelpe dei med å finne ut akkurat korleis me gjorde det, seier Mazetti.
Kilde: http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.8278104
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar